Meteorologen: – Det ser ut som det verste er over. Men det kjem fleire byer utover natta

DET VERSTE OVER: Det kan sjå ut som det verste uvêret er over, og det er igjen lysning i skydekket. I alle fall innimellom.

DET VERSTE OVER: Det kan sjå ut som det verste uvêret er over, og det er igjen lysning i skydekket. I alle fall innimellom. Foto:

– Det kjem fleire byer, det er sikkert. Det som er usikkert er kor kraftige dei blir, seier meteorolog Haldis Berge.

DEL

– Det har vore nokre toreskrell og nokre kraftige regnbyer. No er det rolegare. Betyr det at uvêret er over?

– Det er vanskeleg å seie. Den første linja med byer har passert, men prognosane seier at det kjem meir i bakkant. Kor mykje og kor henne er vanskeleg å seie, seier Berge.

Ho seier det kan sjå ut som det verste er over. Likevel er ho litt usikker, fordi dei byene som no ligg i havet og er på veg inn kan forsterke seg når dei når land.

– Eg er ikkje heilt sikker på om dei kjem eller ikkje. Meir regn blir det, men det er eigentleg det einaste eg kan seie noko om akkurat no. Slike byer er nesten umoglege å føresjå, seier Berge.

Artikkeltags