Meteorologen: – Det er venta ganske greitt vêr i helga

SOL: Her frå Kjøsnesfjorden i Jølster

SOL: Her frå Kjøsnesfjorden i Jølster Foto:

Nyt sola i helga, for neste veke kjem truleg regnet.

DEL

– Det er venta ganske greitt vêr gjennom helga, til og med måndag. Det blir rolege vindforhold, periodar med sol og grei temperatur, seier vakthavande meteorolog Kristin Sæther ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Varmast på laurdag

Sæther seier det blir varmast på laurdag.

– Det kan bli godt og varmt i dag. Det kan sikkert bli 23–24 grader i Førde. Lokale forskjellar er det alltid. Deretter blir det sakte, men sikkert, kjøligare.

Ho seier vidare at det er blir over 20 grader på søndag.

– Det kan bli litt skya desse dagane, spesielt på nattetid kan det kome skyer. Dei vil sannsynlegvis heve seg og sprekke utover dagen.

Regn i vente

Prognosane er usikre frå måndag av, men det er nok regn i vente, seier meteorologen.

– På tysdag ser det ut som det blir regn att. Det kjem eit kraftig lågtrykk over helga som eg ikkje trur høgtrykket klarer å stå imot.

– Kor tid er det slutt på årets sommarvêr?

– Det varierer veldig. Statistisk sett så er september den våtaste månaden dei fleste plassane på Vestlandet. Då kjem det meir lågtrykk frå Vest. Av og til tjuvstartar hausten litt og kjem tidleg. Det er vanskeleg å seie, men det er ikkje haust enno, forsikrar Sæther.

Artikkeltags