Kan komme like mykje nedbør som då uvêret herja i Jølster

ORANSJE: Det er venta svært kraftige byer i Sogn og Fjordane og Hordaland seint onsdag ettermiddag.

ORANSJE: Det er venta svært kraftige byer i Sogn og Fjordane og Hordaland seint onsdag ettermiddag. Foto:

Frå seint onsdag ettermiddag, kan det lokalt kome mellom 30-55 millimeter nedbør på tre timar.

DEL

Meteorologisk institutt melder oransje farevarsel for styrtregn i Sogn og Fjordane.

– Det er venta veldig mykje nedbør på kort tid. Vi har ute eit varsel om at det kan kome kraftige byer lokalt, seier vakthavande meteorolog Mette Skjerdal.

Ein kaldfront i Nordsjøen beveger seg austover mot Vestlandet sør for Stad. I forkant av denne kaldfronten vert det danna kraftige byer med tore.

Kan regne like mykje som 30. juli

– Det kan lokalt kome mellom 30–55 millimeter nedbør på tre timar. Det har vi sagt for både Hordaland og Sogn og Fjordane. Det er nok dei sørlegaste delane som kan vente seg mest nedbør, seier meteorologen.

Ho fortel at dei kraftigaste byene er venta seint onsdag kveld eller ved midnatt.

– Det er vanskeleg å seie kor dei kraftigaste byene treffer. Det kan vere veldig store lokale variasjonar.

Ho forklarar at ved slike regnbyer er oransje varsel det høgaste farenivået for styrtregn.

– Med langvarig nedbør kan det gå over til raudt. Men ved slike byer, er oransje det høgaste.

30. juli kom det lokalt kraftige torebyer og regn på Vestlandet sør for Stad, og spesielt i områda nær Jølster. Målingane frå Meteorologisk institutt viste at fleire stadar fekk meir enn 20 millimeter nedbør på ein time.

– Det kan godt vere stadar det kjem 20 millimeter nedbør på ein time. Det er ikkje usannsynleg at ein ser slike verdiar. Alt er avhengig av kor det treffer. Om det treffer midt i ein by, kan det bli overfløyming, treffer det i ei fjellside går det ofte jordskred, seier Skjerdal.

Ho seier at begge gongene er det snakk om kraftige byer.

– Hald deg oppdatert

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) melder onsdag gult varsel for flaumfare og jordras.

– Det er på grunn av mykje nedbør som kjem i kveld. På totalt 24 timar kjem det forholdsvis mykje nedbør. Det er venta intensiv nedbør i 6–12 timar.

– Bør dei i Jølster og Gloppen vere bekymra?

– Det er vanskeleg å seie kor nedbøren kjem. Det vil vere lokale variasjonar, seier Tommy Skårholen, vakthavande hydrolog ved NVE.

Han seier at nokon stadar vil nedbøren vere veldig intensiv, kanskje over 10 mm. På NVE sine sider står det at det er venta lokalt opp mot 120 mm på 24 timar.

Gult farevarsel betyr at det kan kome lokale overfløymingar eller erosjonsskadar i bekkar og mindre elvar. Det kan kome rask auke av vassføring i små og mellomstore vassdrag. Nedbøren kan føre til stengde vegar og bruer.

– Dei som bur på utsette stadar bør sikre verdiar og eigendelar. Ein må halde seg oppdatert på situasjonen og følge med på vêrradarar og kor byene treffer, oppmodar Skårholen.

Han oppmodar også til at ein reinsar vassvegar for jord, grus og liknande, slik at vatnet kan rennet fritt.

Regn resten av veka

Oransje farenivå held fram til torsdag morgon.

– Etter kvart vert det mindre nedbør. Det blir regn heile dagen i morgon, men sjølvsagt mest nedbør første delen av dagen. Så kjem det eit lågtrykk inn på fredag som òg har med seg nedbør. Men det ser ikkje ut som det blir dei same nedbørsmengdene som kjem i kveld, seier meteorologen onsdag.

Det er også venta nedbør i helga.

– Spesielt er laurdag prega av nedbør. Det ser ut som det blir regn på søndagen også.

Artikkeltags