Kaldt, men fint vêr i helga

HELGA: Det blir minusgrader mange stader, men også mykje fint vêr. Utsnitt frå fredag morgon.

HELGA: Det blir minusgrader mange stader, men også mykje fint vêr. Utsnitt frå fredag morgon. Foto:

For det meste fint vêr i Sunnfjord til helga, ifølge meteorologen.

DEL

Gjennom fredagen vil det gå nokre byer, særleg på ytre strøk, men desse kjem til å døy ut på ettermiddagen.

– Bortsett frå det blir det delvis skya og stort ganske fint, seier meteorolog Frode Hassel om vêret i Sunnfjord.

Minusgrader

Dei nær kysten får plussgrader, medan ytre og lågare strøk kjem til å halde seg på minussida av gradestokken. På laurdag kan det bli frisk bris på utsette stader i indre strøk.

– Men det blir eigentleg ein ganske brukbar dag elles, lettskya og periodar med sol. Siste del av dagen blir det noko meir skya i indre strøk, men ingen dramatikk, seier meteorologen.

Og det held fram med lettskya og fint vêr på søndagen også.

– Fin helg

– Alt i alt vil eg seie at det blir ei ganske fin helg.

Sjølv om det er minusgrader fleire stader, skal ein godt opp i høgda for at det kan kome snø, fortel meteorologen. Nedbør vil stort sett kome som regn.

På yr.no er det meldt null nedbør for Førde gjennom helga, og temperaturar som flyttar seg frå to minusgrader til ei plussgrad. Nærmare kysten, i Askvoll, er temperaturane på mellom to og fire plussgrader, og null millimeter nedbør også der.

Artikkeltags