I kveld og i natt blir det supermildt

MILDVÊR FRÅ VEST: Kartet viser temperaturen ein ventar natt til laurdag. Dei mørkegule felta markerer temperaturar mellom ti og femten varmegrader.

MILDVÊR FRÅ VEST: Kartet viser temperaturen ein ventar natt til laurdag. Dei mørkegule felta markerer temperaturar mellom ti og femten varmegrader. Foto:

– Det kan gå mot rekordar på nyare vêrstasjonar, seier meteorologen.

DEL

– I ytre Sunnfjord kan temperaturen komme opp i 10-12 grader, og i indre kan det komme opp i 8 grader, seier Geir Ottar Fagerlid på Meteorologisk institutt.

Varmast blir det fredag kveld og natt til laurdag.

– Tidleg på natta kan temperaturen bli tosifra i store delar av Sunnfjord, seier han.

Blir kaldare på søndag

– Det har jo eit namn, det vêret vi har no, kakelinne blir det kalla. Så det er nok ikkje veldig uvanleg med ein mild periode før jul, seier meteorologen.

Ifølge Språkrådet den vanlege oppfatninga i folketrua at mildvêrsperioden før jul skuldast varmen frå fyring i bakarovnar. Derav kjem namnet kakelinna. Dette er ein teori dei aller fleste har gått vekk frå i dag, og ifølge meteorologer skuldast mildvêrperioden at desember er ein overgangsperiode mellom haust og vinter, og veksling mellom kald og varm luft.

Det vil ikkje vare lenge før det blir kaldare igjen:

– I løpet av laurdag kveld vil temperaturen normalisere seg. Det vil klarne opp, og temperaturen vil fort falle ned til 0 grader. Søndagen blir fin, med lite nedbør og litt sol tidleg på dagen, seier Fagerlid.

– Veslejulaftan og julaftan er det venta tungt skydekke, og rundt 0 til -2 grader i indre strøk, og 0 til 2 grader i ytre, seier meteorologen.

Blir nok ikkje rekord

– Det er ein liten sjanse for at ein kan få nokre spreidde snøbyer, men det vil ikkje vere nok til å rette opp dei skadane som er gjort i løpet av helga. Det vil altså verre bore mange stadar i jula, seier Fagerlid.

Sjølv om helga er mild tvilar Fagerlid på at det blir nokon rekord. Temperaturrekorden for desember i Sogn og Fjordane vart tatt i Fjærland i 1984, då var det 16,5 grader.

– Rekorden har jo vart i 35 år, så det tar ein del tid mellom kvar gang det blir ein rekord. Det kan bli nokre stasjonsrekordar på ferske stasjonar, seier han.

– Det ser ut som at det blir ei roleg jul i Sunnfjord, med rolege vindforhold og stort sett skyer. Nyttår ligg det an til å bli litt mindre roleg, seier han.

Artikkeltags