Startar nyåret med storm: – Folk må ta ei risikovurdering

NEDBØR: Meteorologen melder om store mengder nedbør dei komande timane.

NEDBØR: Meteorologen melder om store mengder nedbør dei komande timane. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Natt til 1. nyttårsdag skal det blåse opp til full storm i heile Sunnfjord.

DEL

Meteorologane har ferda ut gult farenivå for regn, jordskredfare, flaumfare og vind. Ifølge statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved bør ein ta ei seriøs risikovurdering før ein skyt opp rakettar i kveld.

– Det byrjar å brygge opp til storm allereie no snart. Først skal det regne kraftig i eit par timar, før det dabbar av mot kvelden. Ein kan forvente 50–70 millimeter på under tolv timar.

Jordskred- og flaumfare

Meteorologen fortel at det kjem til å kome regn fleire stadar der det no ligg snø, og når regnet smeltar snøen aukar faren for flaum og jordskred. Dessutan er det meldt kraftig vind.

– Det er meldt sørvestleg stiv kuling no på dagtid, og i kveld dreiar vinden slik at den kjem inn frå vest. Då skal det auke på til sterk kuling.

Når rakettane skal skytast opp er det mogleg at det allereie er blåst opp til liten storm. Valved oppfordrar alle til å ta ei vurdering før dei tenner lunta.

– Rundt dei tider rakettane skal skytast opp vil det vere sør-sørvestleg kuling til liten storm. Folk må tenke seg nøye om før dei skyt opp nokre rakettar i kveld.

Full storm natt til 1. januar

Det er meldt vindkast på mellom 30–35 m/s, og vi skal merke det godt i innlandet òg, ikkje berre ute på kysten.

– Det kjem til å vere kraftig vind i innlandet, og i løpet av natta skal det blåse opp til full storm.

Vêret skal halde seg gjennom heile den første dagen i det nye året, men på kvelden 1. januar skal vinden minke.

Viss ein skal over nokon av fjellovergangane dei neste to dagane har ein berre to luker:

– Det er meldt mykje vind i fjella, så ein må enten reise no, eller seint tysdag kveld.

– Følg med på vêrmeldingane

Natt til 2. januar bles det litt opp igjen, då er det meldt stiv kuling. 2. januar skal stormen legge seg, men meteorologen varslar at ingenting er sikkert.

– Vi oppfordrar folk til å følge med på vêrmeldinga, ting kan endre seg fort.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags