Frå tjue grader til kuling og storm

126 KM/T: Meteorologisk institutt melder at det er venta kraftig vind onsdag kveld og natt til torsdag på Vestlandet. Vindkasta kan komme opp i  35 meter per sekund. Det svarar til vindkast på 126 kilometer i timen.

126 KM/T: Meteorologisk institutt melder at det er venta kraftig vind onsdag kveld og natt til torsdag på Vestlandet. Vindkasta kan komme opp i 35 meter per sekund. Det svarar til vindkast på 126 kilometer i timen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

VÊR: Restane av den tropiske stormen «Helene» er på veg mot Norge og vil treffe kysten om eit par dagar, men først, ein smak av sommar.

DEL

Onsdag går vêret frå sommar til haust på berre nokre timar.

– No skal det regne fram til i tysdag, men så klarnar det opp litt ut på føremiddagen. Då blir nokre timar utover ettermiddagen med fint vêr med høge temperaturar. Kanskje kjem dei opp i 20 grader, seier Eldbjørg Moxnes, vakthavande ved Meteorologisk institutt.

Men i løpet av tysdagen begynner også vinden å auke på. Det blir sørleg vind med styrke på opp til liten kuling på kysten.

– Det blir eit mellomrom på nokre timar, ein kort smak av sommar før det kjem eit nytt vêrsystem med nedbør innover oss, seier Moxnes.

Onsdag og natt til torsdag kan restane etter den tropiske stormen «Helene» gje oss sørvestleg full storm. Det verste vêret kjem som vanleg på Stad, men det kan også komme kraftige vindkast andre stader.

Til NRK seier Kristen Gislefoss at det kan vere lurt å sikre lause gjenstandar:

– Dette er jo ein vanleg hauststorm slik det ser ut no. Men det kan jo vere lurt å feste lause gjenstandar som trampolinar då vindstyrken absolutt har potensial til å flytte på ting. Vinden kjem frå sør, så det er jo ikkje den verste retninga.

– Utover torsdagen minkar vinden igjen, men det kan bli liten kuling utover dagen, seier Moxnes.

Artikkeltags