Ekstremvêret «Didrik» kjem i kveld: – Få båtane på land og sikre kjellaren

ORANSJE NIVÅ: Det er sendt ut farevarsel på oransje nivå på kysten til Vestland. Verst blir vêret langs Rogalandskysten der farevarselet er raudt.

ORANSJE NIVÅ: Det er sendt ut farevarsel på oransje nivå på kysten til Vestland. Verst blir vêret langs Rogalandskysten der farevarselet er raudt. Foto:

I Sunnfjord er det meldt om vêr med oransje farenivå. Vasstanden vil auke drastisk det komande døgnet.

DEL

– Det kan løne seg å få båtane på land så du har kontroll på dei, og viss du har ein stad det kan kome vatn inn må du gjere det du kan av tiltak for å bergrense skadane, seier meteorolog ved Metrologisk institutt i Bergen, Trond Thorsteinsson.

Ein kombinasjon av vêrfaktorar på same tid gjev oss ekstremvêret «Didrik». Det fører til betydeleg høgare vasstand enn vanleg på kort tid. I Sunnfjord er farevarselet sett til oransje nivå som betyr at ein det kjem ein alvorleg vêrsituasjon ein må vere førebudd på.

Nivå langt over tidevasstabellane

Didrik vil slå inn tysdag kveld og utover dagen onsdag, men stormfloa vil bli kortvarig fordi tidevatnet går opp og ned. På det høgste kan den varsla stormflo nå ein vasstand på opp til 70 til 80 cm over nivåa i tidevasstabellane. Vasstanden er venta å vere på det høgste natt til onsdag mellom klokka 01.00 og 03.00 og onsdag ettermiddag mellom klokka 13.00 og 15.00.

– Det er venta at det kjem ein topp tidleg i natt og ein i morgon ettermiddag. Regnbyene vil halde fram som dei siste dagane som spreidde byer, seier Thorsteinsson.

Han fortel at det er tre faktorar som verkar i lag. Det første er det vanlege tidvatnet med flo og fjære som er forsterka fordi det var mullmåne for ikkje lenge sidan. I tillegg kjem det eit lågtrykk som gjev høgare vasstand grunna lågare trykk i bakken. Det siste er at vinden bles havet inn mot kysten vår. Det har sørvestleg vind over lang tid.


Pass på eigendelar på kysten

Thorsteinsson understrekar at det er havet det gjeld i denne situasjonen. Ferskvatn og lenger inn i landet vil ikkje bli råka på same måte, som områda der det er sendt ut raudt farevarsel. Aller verst blir det i Sunnhordland, Rogaland og Agder.

Der er vasstanden venta å stige svært mykje og der er forventa eit større skadepotensial enn her i Sunnfjord. Men det kan bli skader på eigendelar som ikkje blir teke vare på i strandsonene på kysten og innover i fjordane.

– Kan vi forvente å køyre til jobb i ein dam?

– Det er vanskeleg å seie sikkert, men det må i så fall vere der vegen ligg heilt nede ved havet.

Artikkeltags