Helene Olafsen på oppdagelsesferd i fjordfylket

Helene Olafsen var omtrent så nøgd med tilhøva då ho kom opp i bakkane i Sogndalsdalen.

Helene Olafsen var omtrent så nøgd med tilhøva då ho kom opp i bakkane i Sogndalsdalen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKI: Denne vinteren har ved gjentekne høve tidlegare snowboardstjerne og Skal vi danse-vinnar Helene Olafsen fått auga opp for snøtilhøva i Sogn.

DEL

– Det er heil fantastisk her når snøen er bra. Då er her Japan-pudder, aldri kø, og veldig gode tilhøve, seier Helene Olafsen til Firda.

Den tidlegare OL-utøvaren og verdsmeisteren på snowboard, vart kanskje best kjent for folk flest etter at ein kneskade stogga karrieren. Då har ho delteke i realityprogram som Skal vi danse (der ho vann), Mesternes mester (andre plass), og for å ha leia Idrettsgallaen.

Gav meirsmak

Denne vinteren har ho ved fleire høve lagt ut bilde og videoar på sosiale medium frå snødekte fjell i Sogndalsdalen.

– Det har gitt meirsmak. Første gongen eg var der oppe reiste eg opp i totida, likevel var det veldig greitt å finne urørt snø. Planen er å bruke mykje tid i fjella her framover, seier Olafsen.

– Har du funne deg eit favorittfjell her då?

– Det har eg ikkje enno. Men eg er på leit etter det. Eg fekk meg splitboard i fjor, så det er ganske nytt for meg enno, men eg likar godt å lære nye ting, seier Olafsen, som i konkurransar stort sett har vore vant med nedoverkøyring.

Helene Olafsen var programleiar under Idrettsgallaen på Hamar i år.

Helene Olafsen var programleiar under Idrettsgallaen på Hamar i år. Foto:

Så sa kneet stopp. Det gjorde at Olafsen si einaste OL-deltaking var i 2010, og at det sidan ikkje har vore aktuelt.

– Det går fint å sjå OL bli arrangert utan å delta i år og. Det kriblar litt, men eg merkar at kroppen ikkje er bra nok til det, seier Olafsen, som i staden skal jobbe for rettigheitshavar i Norge, SBS Discovery.

– Eg lever godt med å skulle dekke det. Det blir ein morosam jobb, seier Olafsen.

Super-laurdag

I helga som var fekk 27-åringen oppleve både solskinsdagar og dårlegare vêr i bakkane i Sogndalsdalen. For laurdag var vêret fint, og tilhøva gode, søndag ikkje like bra.

– Laurdag var super, då eg fekk eg køyre baksida for første gong, og det var veldig gode tilhøve. Søndag var det ikkje så bra. Då var det dårleg sikt, noko som passar kneet mitt dårleg, men eg fekk nokre gode svingar, seier ho.

Og skulle du ha interesse av å komme deg ut på ski, melder Yr.no om snøfall dei kommande par dagane, før temperaturen fell inn mot helga, og sola ser ut til å stikke fram. Det ser med andre ord til å kunne bli gode tilhøve.

Meteorologisk institutt: – Gode tilhøve og sol

Nedbørsmengda vil minke på onsdag. Då vil dei høgaste temperaturane liggje på 3–4 plussgrader i ytre delar av fylket, medan det vil vera noko kaldare i indre strøk.

– Skiføret vil ikkje vere så aller verst på torsdag, men det ser ut til at det vil bli overskya. På fredagen derimot er tilhøva gode. Det vil vere mindre vind, og temperaturane vil falle. Sola vil òg gløtte fram. Det er helst høgare i terrenget og i fjella føret vil vere best, seier Tone Christine Thaule, ved Meteorologisk institutt.

Ho seier at ein vil oppleva meir vind på laurdag, men at nedbørsmengda er låg. Det er enno litt usikkert korleis føret vil vere på laurdag og søndag.

Artikkeltags