Gå til sidens hovedinnhold

Om alt klaffar, kan fredagen bli skikkeleg fin: – Kan nesten kalle det ein sommardag

Artikkelen er over 3 år gammel

VÊRET: Det seier Lars Andreas Selberg, meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Sjølv om skyene tysdag morgon ligg tunge over store delar av Sogn og Fjordane, er det betring i vente, fortel meteorologen.

– Det er ein front som ligg over fylket som fører til litt regn og ganske skya vêr. Men det er venta ei betring i løpet av dagen, seier Lars Andreas Selberg tysdag morgon.

Skal lette

Utover måndagen er skydekket venta å losne opp. Onsdagen er venta å starte ganske bra, med lite skyer store delar av dagen. Seint onsdag ettermiddag, og utover kvelden og natt til torsdag, kan det komme regnbyer.

Til og med torsdag er temperaturane i fylket venta å ligge mellom 15 og 20 grader.

Kan bli over 20 grader

– Utover torsdagen ser vêret til å bli gradvis betre. Eit lågtrykk ser ut til å bevege seg sørover og plassere seg veldig gunstig for oss på fredag.

I tillegg er det venta austavind og temperaturen kan bli over 20 grader.

– Fredag har potensial til å bli ein veldig flott dag, men gode temperaturar og føn-effekt frå austavinden. Vi kan nesten kalle det ein sommardag, seier Selberg, som samtidig strekar under at prognosane framleis er veldig usikre.

– Men om alt klaffar, kan det bli ein veldig fin dag, seier Selberg.

I helga kan det igjen komme litt regn, men det er venta at det framleis vil vere litt austavind. Temperaturane er venta å ligge opp mot 20 grader.

Kommentarer til denne saken