Gå til sidens hovedinnhold

Meteorologen: – Nyt timane i dag!

Artikkelen er over 2 år gammel

VÊRET: Blå himmel og sol tysdag føremiddag, men snart er det over. Og då kan det bli lenge til neste solskinsdag.

– Nedbøren austpå trekk seg gradvis over fjella til Sogn og Fjordane. I ettermiddag og i kveld vil det truleg komme regn.

Det seier Frode Hassel, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet tysdag føremiddag. Han legg til: 

– Det er berre å nyte timane i dag!

Etter nokre tørre, fine dagar i fylket, vil temperaturen stige frå tysdag ettermiddag. Nedbøren som er venta, vil komme som regn dei aller fleste stader.

I indre strøk kan det vere at nedbøren i byrjinga kjem som snø, men at det fort vil gå over til regn også der.

Kan bli veldig glatt

Ifølge Hassel skal ein likevel vere obs på at det kan bli veldig glatt i enkelte område.

– Det kan komme frysande regn på stader der vinden ikkje har komme til. Det vil seie at det regnar ned i eit område med minusgrader, og at regnet frys momentant til is nå det treffer bakken. Då kan det bli veldig glatt.

Det er også venta veldig dårleg vêr i fjellet.

– Det vil bli ganske utfordrande køyretilhøve på alle fjellovergangane i Sør-Norge.

I løpet av tysdag kveld vil snøgrensa ligg på rundt 1000 meter.

Våt helg

Onsdag føremiddag kan det bli litt opplett, men frå torsdag til søndag skal det stort sett regne. Temperaturane er varsla å ligg på rundt 7–8 grader i låglandet.

Sjølv om varslingane så langt fram er usikre, er det eit visst håp om at neste veke blir betre.

– Over helga kan det komme ein tørrare periode. Det er veldig usikkert, men det er lov å håpe.

 

Les også

Varslar vanskelege køyreforhold i dag

 

Kommentarer til denne saken