Til helga kan du nyte sola, men først får vi regn og snø på fjella

HELGEVARME: Til helga kan det bli opp mot 20 grader. Fram til det må vi bite i oss kulde og regn.

HELGEVARME: Til helga kan det bli opp mot 20 grader. Fram til det må vi bite i oss kulde og regn. Foto:

Det blir jamt og trutt med regn fram til laurdag, melder meteorologen.

DEL

Laurdag og søndag er det meldt sol og 20 grader, men først kjem det ei ny bye med nedbør over Sogn og Fjordane.


– Det vil komme meir regn frå torsdagen av, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Geir Ottar Fagerlid.

– Frå torsdag ettermiddag vil det passere ei ny bye med nedbør. Det vil ikkje gi dei store mengdene med regn vi såg i helga som var, men det vil regne jamt og trutt fram til fredag kveld, seier han.

Han fortel også at det kan komme meir snø på fjella.

– Snøgrensa ligg på 800 til 1000 meter, seier Fagerlid.

– Nyt helga

Ifølge Fagerlid er det ikkje er unormalt vestlandsvêr med snø på fjella og 20 grader i same veke.

– Det einaste som blir litt vanskeleg er jo det å kle seg. Vi går frå 2–3 grader og opp til 20. Men eg trur ein kan slå fast at ein kan pakke vekk sommarkleda etter denne helga, seier han.

– Er dette noko ein kallar «Indian summer»?

– Eg ser at nokon har brukt det omgrepet no, men det er eg ikkje heilt samd med. Det er litt for tidleg på hausten, normalt plar det å vere i seint i oktober og november. Det skal i grunnen ha vore frost først. Det vi får no er restane av sommaren, seier han, med ein siste oppfordring:

– Nyt helga.


Artikkeltags