Tek ingen sjansar: Kansellerer båtane til og frå Nordfjord

Det kan bli full storm på kysten tysdag. Det gir endringar i båttrafikken.

DEL

Norled melder måndag kveld at ekspressbåtrutene mellom Bergen og Nordfjord blir innstilt grunna stormen som er meldt tysdag ettermiddag.

Også båten mellom Bergen og Sogndal blir råka. Avgangen frå Sogndal går som normalt, men avgangen frå Bergen vert framskunda frå 16.30 til 12.30.

Statsmeteorolog Kristen Gislefoss har dette å seie om vêret som er meldt:

– Kysten vil oppleve kraftig vind, som godt kan nå opp i storm styrke. Det kjem ganske mykje nedbør i området også.

Fjellovergangane kan også få problem:

– Det er jo vegmyndigheitene som bestemmer om dei skal stengast eller ikkje, men eg ser føre meg at kombinasjonen snø og sterk vind kan føre til vanskelege forhold på fjellovergangane, seier Gislefoss.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags