Synest du det var varmt då du stod opp? Dette er grunnen.

SLIK BLIR DET: Ifølge meteorologen blir det stort sett opphaldsvêr i helga.

SLIK BLIR DET: Ifølge meteorologen blir det stort sett opphaldsvêr i helga. Foto:

Temperaturen fall frå 17 til 13 grader på få timar

DEL

– Vind frå austleg retning gav milde temperaturar. Varmast var det på Takle med 16,7 grader, men så snudde vinden og no er det berre 13 grader der.

Det seier meteorolog Anne Solveig Andersen hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Fredag har starta grått med litt regn fleire stadar i fylket, men det skal etter kvart sprekke opp i skydekket. Det er venta frisk bris utsette plassar. Slik blir det også laurdag.

– Det blir stort sett opphaldsvêr. Det kan kome litt regn, men det er ikkje snakk om store mengder. Etter kvart skal vinden roe seg også. Alt i alt ser det ganske bra ut, seier ho.

Makstemperaturen vil liggje rundt 16 grader. Søndag blir det vêrskifte.

– Utover dagen blir det nordavind som igjen gjer at temperaturane fell. Måndag og tysdag kjem det nedbør, då er det venta at snøgrensa skal krype heilt ned til 400 meter.

Artikkeltags