Skal du på festival dei komande helgane? Slik blir vêret

SOL: Skal du på festival dei komande helgene? Då kan du nyte det i sola. Her slapper Kjell Arild Knutson, Nina Knutson, Terje Dvergsdal og Olivia Dvergsdal av i sola på Norsk Countrytreff.

SOL: Skal du på festival dei komande helgene? Då kan du nyte det i sola. Her slapper Kjell Arild Knutson, Nina Knutson, Terje Dvergsdal og Olivia Dvergsdal av i sola på Norsk Countrytreff. Foto:

Norsk Countrytreff, Malakoff og Skjærgårdstreffet står på kalenderen dei komande helgane. Meteorologen melder opphaldsvêr og høge temperaturar.

DEL

– Temperaturane ser ut til å vere veldig bra, seier Lars Andreas Feldberg, meteorolog hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Han fortel at det kjem til å vere lite skyer og mykje sol i heile fylket gjennom helga.

– Det blir nok litt kjøligare i helga enn kva det er forventa i dag. Vinden dreier meir nordvestleg, og tar med seg kjøligare luft, seier Feldberg.

Men temperaturen kjem til å halde seg rundt 20 grader.

Fare for regnbye og tore

– Fredag er det fare for at det kan kome regnbye og tore. Særleg i nordlege strøk av Sogn og Fjordane, seier Feldberg.

Han legg til at det også er fare for lokal tåke og låge tåkeskyer laurdag morgon.

– Dei vil forsvinne utover morgonen, og sola vil kome fram og varme, seier Feldberg.

Mykje tørt vêr framover

Om du har tenkt deg på Malakoff eller Skjærgårdstreffet neste helg, kan du mest sannsynleg legge igjen regnkleda heime.

– Det er vanskeleg å melde heilt spesifikt så langt fram i tid, men ifølge prognosane vil det vere mykje tørt vêr fram til og med neste helg, seier Feldberg.

Ifølge Feldberg vil temperaturane halde seg høge, så kanskje ein til og med kan ta seg eit bad mellom slaga?

– Temperaturane ser ut til å vere veldig bra, og ein kan forvente opp mot 20 grader, seier Feldberg.

Artikkeltags