Sjå! No kjem sola tilbake

SOLRIK START: Siste veka i august startar med sol og varme. Slik ser langtidsvarselet ut for Naustdal.

SOLRIK START: Siste veka i august startar med sol og varme. Slik ser langtidsvarselet ut for Naustdal. Foto:

Frå og med søndag ettermiddag skal vêret lette og temperaturen stige.

DEL

– Vi får eit par dagar som ser veldig fine ut, seier meteorolog Halldis Berge hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Om du er lei av skodde og regn, har Berge gode nyheiter. Søndag kjem til å starte litt grå og våt, men utover ettermiddagen kan det bli riktig så fint.

– Ein kan få lange periodar med sol, men om temperaturen når 20-talet kjem litt an på når skyene lettar. På kysten kan vi få tåkeskyer, seier Berge.

Desse skyene kan også henge igjen måndag morgon enkelte stadar, men utover det er det meldt mellom 20 og 25 grader dei fleste plassar i fylket.

– Måndag og tysdag blir solfylte og varme, men så er vi litt usikre på kva som skjer. Det ligg nemleg ein front i Nordsjøen som anten kjem inn tysdag kveld eller torsdag. Og når det skjer vil det kome regn og temperaturen vil falle.

– Så bruk dei kommande dagane godt! er oppmodinga frå meteorologen.

Artikkeltags