Rekordvarmt novembervêr – Kråkenes hadde 18,8 grader

TEMPERATURREKORDAR: Det blei sett varmerekordar fleire stader på Vestlandet onsdag.

TEMPERATURREKORDAR: Det blei sett varmerekordar fleire stader på Vestlandet onsdag. Foto:

VÊRET: Varm luft gjorde at det blei sett varmerekord fleire stader i Sogn og Fjordane onsdag. – Det vil vere mildt nokre dagar til, men ikkje like mildt som i dag, seier statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl.

DEL

– Det har vore uvanleg varmt i dag. Fleire stader i Sogn og Fjordane har slått varmerekordar for november, fortel forskar Reidun G. Skaland hos Vêrvarslinga på Vestlandet onsdag ettermiddag.

Varmast var det på kysten. Kråkenes i Vågsøy hadde høgaste måling i landet onsdag, med 18,8 varmegrader. Førde slo varmerekord for november, med 16 varmegrader målt i Haukedalen. Fjaler følgde like etter med 15,8 grader på Furuneset. Dette er dei offisielle målestasjonane.

– Ein målestasjon i Bergen målte 19 grader i dag, men fordi den ikkje har god nok plassering er ikkje målinga godkjent, fortel Skaland.

Ei anna uoffisiell måling kunne vise same temperatur i Stongfjorden i dag. Ein Firda-tipsar las av 19 varmegrader i bilen sin.

VARMT: I Stongfjorden målte ein Firda-tipsar 19 varmegrader i bilen sin onsdag føremiddag.

VARMT: I Stongfjorden målte ein Firda-tipsar 19 varmegrader i bilen sin onsdag føremiddag. Foto:

Varmluft frå høgda

Det typiske vintervêret kan vi sjå lenge etter. Framover ligg temperaturen i overkant av 10 grader fleire stader, og det blir periodevis regn. Litt typisk mild haust, men mildare enn normalt, ifølge statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl.

– Vi får varmluft nokre dagar til, men den effekten er vi nok litt prisgitt. Det blir meir sønnavind dei neste dagane. Somme stader kan det vere ganske mildt framover, men ikkje like mildt som i dag. Vind frå sør-søraust kan gje mildare vêr enn normalt, fortel Løvdahl.

Grunnen til dette mildvêret er ein føneffekt. Løvdahl samanliknar det med ei rennande elv. På same måte som elva vil bølge og fosse enkelte stader, gjer også vinden det når den bles over fjella.

– Når det bles frålandsvind, blir luft som høyrer heime høgare oppe, dregen ned. Lufta vert pressa ned, trykket og temperaturen aukar. Dermed får du varmluft som dett «poff» ned frå fjellet, forklarar Løvdahl.

– Kva tid kjem snøen, då?

– I alle fall ikkje den veka her, det kan eg seie, seier statsmeteorologen.

Artikkeltags