Ønsker du deg snø til jul? Då må vi dessverre skuffe deg

GRØN JUL: For dei fleste i Sogn og Fjordane blir det ein grøn jul i år.

GRØN JUL: For dei fleste i Sogn og Fjordane blir det ein grøn jul i år. Foto:

Tre plussgrader, opphaldsvêr og glimt av sol er fasiten for årets julevêr.

DEL

Haldis Berge, meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, kan slå fast at det ikkje er stor sjanse for snø på julaftan.

– Har du ikkje snø der du er no, er det veldig liten sjanse for at du vil få det i morgon, seier ho.

Men sjølv om det blir ei grøn jul, kan Berge melde om opphaldsvêr.

– Natt til julaftan og på morgonen er det moglegheiter for litt nedbør. Den nedbøren kan komme som regn, men også som snø i 400–500 meters høgde. Ut på dagen vil det bli opphaldsvêr og temperaturen vil ligge rundt to til tre varmegrader, seier meteorologen, som også lovar periodar med sol.

– Med andre ord så får ein ikkje skikkeleg julestemning av vêret?

– He he. Det kjem heilt an på kva som gir deg julestemning, seier Berge.

Vêret i romjula

Meteorologen fortel at det blir kaldare første juledag.

– Onsdagen vil det stort sett opphaldsvêr med rolege vindforhold, men det blir litt kjøligare. Temperaturen vil søkke ned til minusgrader, seier Berge.

Slik vil det også vere andre juledag, medan det igjen blir mildare igjen 3. juledag.

– Fredag er det også moglegheit for nedbør, men eg er usikker på om det kjem fredag kveld eller natt til laurdag, seier Berge.

Artikkeltags