No kjem stormen «Oscar» til Sogn og Fjordane

VIND I VENTE: Natt til søndag vil det blåse opp til full storm fleire stader i Sogn og Fjordane.

VIND I VENTE: Natt til søndag vil det blåse opp til full storm fleire stader i Sogn og Fjordane. Foto:

VÊRET: Sterke vindkast på opp mot 30-35 meter i sekundet ventar Vestlandet i helga.

DEL

Til helga kjem stormen «Oscar» frå Karibia til Vestlandet, og treff Sogn og Fjordane med sterke vindkast.

– Det kjem til å bli Sogn og Fjordane som får det meste av været. Det er varsla full storm ved Stad, og det blir liten, til dels full storm langs kysten i Sogn og Fjordane på laurdag, fortel statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Ho fortel at det ikkje blir særleg med regn i løpet av helga, då lågtrykket blir liggande eit stykke ute i havet. Vinden blir verst sør for Stad, ved kysten og i fjella.

– Nedbørsmessig blir det ikkje så gale. Det som blir verst er vinden, som byrjar laurdag formiddag, og aukar gradvis utover dagen. Natt til søndag blir det full storm langs store delar av kysten, seier Valved.

Artikkeltags