No kjem «Caroline» – kan bli full storm i Sogn og Fjordane

VÊR: Før helga har vi storm, snø og haglbyer i vente.

DEL

– Vi ventar mykje vind. Utover dagen vil den kunne auke til liten storm, seier vakthavande meteorolog Anne-Mette Olsen ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Torsdag kveld vil vinden dreie frå sør mot vest. Då vil Sogn og Fjordane kunne vente sterk kuling.

Kan få full storm

– I løpet av fredagen vil vinden dreie mot nordvest, då kan vi få full storm, seier Olsen.

Det er førebels usikkert akkurat kor stormen kjem til å treffe, og akkurat når stormen kjem.

UK Metoffice har kalla stormsenteret som er på veg mot sør-Norge for Caroline. Meteorologisk institutt har auka overvaking for Sogn og Fjordane og Sunnmøre.

«Fredag kan vinden komme opp i vest og nordvest full og kan hende full storm 30 m/s på kysten og i fjellet, med vindkast på 30-40 m/s inn over land. Stormsenteret ser ut til å komme inn mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Små endringar i plassering av lågtrykket kan gje store utslag. I desse områda er det difor ekstra stor usikkerheit i prognosane», står det på yr.no.

Dette sa Storm Geo på tysdag: Meteorologen: – Det blir ikkje storm, men det vil vere surt

Obs-varsel over

Den sterke nedbøren vil minke utover dagen, og gå over til byer. Då vil Meteorologisk institutt trekke OBS-varselet dei sende ut i fylket i går.

– Nedbøren vil ikkje gje seg, men når den går over i byer blir det tid til at vatnet kan tørke litt opp og renne unna. Vi trekker då OBS-varselet torsdag ettermiddag, seier Olsen.

Temperaturane vil falle i løpet av torsdag ettermiddag, og snøgrensa vil flytte seg nedover. Berre kyststrøk vil få nedbør som regn, mens indre strøk først vil få haglbyer, før nedbøren kjem som snø.

Artikkeltags