No forsvinn snøen: – Dessverre

EKSTREM: Snøskredfaren i Indre Fjordane er sett til ekstrem stor det neste døgnet.

EKSTREM: Snøskredfaren i Indre Fjordane er sett til ekstrem stor det neste døgnet. Foto:

Spesielt to av dagane skal det bøtte ned.

DEL

– Frå og med måndag kveld/natt til tysdag får vi inn varmare luft og ein del regn.

Det seier meteorolog Magni Svanevik ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Etter ei helg prega av snø dei fleste stadar i fylket, er det denne veka duka for ekte vestavêr med opp mot tosifra plussgrader og mykje regn.

– Temperaturane skal stige ein del. På kysten kan temperaturen nå 10 grader, medan i indre strøk vil den ligge på rundt 6, fortel Svanevik.

Ho seier at heile veka skal bli våt, men torsdag og fredag blir verst.

– Torsdag er det venta opp mot 50 mm nedbør, og fredag kan vi få rundt 40. Så snøen vil forsvinne, dessverre, seier Svanevik.

Du må høgt til fjells før nedbøren fell som snø desse dagane, truleg rundt 1000 meter.

Snøsmeltinga gjer at det er meldt ekstrem snøskredfare i Indre Fjordane. Årsaka er våt snø og nysnø. Det er også fare for is på vegen måndag, grunna underkjølt regn. Så ver obs!

Artikkeltags