No blir det søkkvått! Fleire lågtrykk står i kø

VÅTT: Resten av veka blir regnfull, melder meteorologen.

VÅTT: Resten av veka blir regnfull, melder meteorologen. Foto:

– Det kjem ganske mykje regn denne veka. Spesielt helga blir våt, seier meteorologen. Ver også obs på snø i fjellet.

DEL

Den tidlegare orkanen «Dorian» er på veg mot Norskehavet og Vestlandet, men er nedgradert kraftig frå herjingane i Karibia. Ifølge Meteorologisk institutt er den no eit «beskjedent» lågtrykk.

Den er venta innover Sogn og Fjordane natt til onsdag.

– I løpet av onsdag kan det kome mellom 20 og 30 millimeter nedbør. Det er også venta ein del vind, på dei mest utsette plassar opp mot liten storm, fortel meteorolog Frode Hassel.

Når «Dorian» er ferdig, står det fleire lågtrykk i kø. Torsdag til søndag blir ein fuktig periode, og temperaturane kjem til å variere veldig, fortel Hassel.

– Dette gjeld spesielt i fjellet. Frå torsdag til laurdag er det stor sjanse for at nedbøren kjem som snø over 1000 meter. Vi har sendt ut gult farevarsel der vi åtvarar mot vanskelege køyreforhold, så ver obs på det.

Slik det ser ut no kjem det mest nedbør på søndag.

– Det blir vindfullt i ein sør- og sørvestleg retning. Nedbørsmengda ligg under kriteria for farevarsel, men til saman vil det bli ganske mykje nedbør i løpet av veka, seier Hassel.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags