Meteorologen meiner vi kan glede oss til neste veke

HUGSAR DU DENNE?: Vår nærmaste stjerne, sola, kan bli å sjå måndag og tysdag neste veke.

HUGSAR DU DENNE?: Vår nærmaste stjerne, sola, kan bli å sjå måndag og tysdag neste veke. Foto:

Det blir ikkje ei heilt tørr helg. Men meteorologen seier måndag og tysdag kan gi nokre lyspunkt på vêrfronten.

DEL

– De må vere førebudde på nokre drypp i låglandet, og litt snø i høgda, seier meteorolog Frode Hassel ved Meteorologisk institutt.

Prognosane spår nedbør i ytre strøk av Sogn og Fjordane utover onsdagen, men det kan komme nokre dropar også lenger inn i landet.

Snø

– Det ser ut som de får ein periode midt på dagen torsdag, med lett vêr. Men så kjem eit nedbørsområde inn på ettermiddag/kveld. Det blir ein del nedbør utover kvelden natt til fredag og fredag blir heller ikkje heilt tørr.

Temperaturen vil halde seg på plussida i låglandet, men 300–500 meter opp i høgda kan ein forvente snø.

På laurdag blir det endå meir nedbør enn på fredagen, fortel meteorologen.

– På søndag blir det ein meir byeprega situasjon med noko fallande temperaturar, sludd og snøbyer langt ned i låglandet. Kanskje heilt ned i fjæresteinane i beste eller verste fall, alt etter korleis ein ser på det, seier Hassel.

Fine dagar

Starten av neste veke skildrar han som eit vêrmessig lyspunkt. Det blir lite vind, lettare vêr og kaldare.

– Det blir ein god del minus i indre strøk, særleg på nattetid. Det blir ein litt meir vinterleg vêrsituasjon på måndag og tysdag, med lite eller ingen nedbør og ein smak av vinterkjensla, seier han.

Desse dagane blir delvis skya, men ein kan forvente ein del sol og rolege vindforhold.

Dei som skal ut og køyre bør merke seg at det kan bli glatt i høgda i helga.

Artikkeltags