Lagt planar for morgondagen? Torsdag blir kanonvarm

FORSKJELL: Torsdag blir veldig varm, medan fredag blir litt kjøligare.

FORSKJELL: Torsdag blir veldig varm, medan fredag blir litt kjøligare. Foto:

Lågtrykk for sør dreg med seg høge temperaturar til heile landet, men det er kortvarig for vår del.

DEL

– Torsdag blir spesielt varm. Det blir periodar med sol og temperaturane vil kome over 25 grader mange stadar i fylket.

Det seier meteorolog Anne Hesby Palm hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Som du kanskje allereie har fått med deg kjem sommartemperaturane tilbake torsdag. Årsaka er eit lågtrykk frå sør som bevegar seg oppover langs kysten vår. Det har med seg varm luft.

Men regnfritt blir det ikkje.

– Ut på dagen vil det komme kraftige regnbyer. Det kan også kome torever. Når regnet kjem vil temperaturane falle igjen, fortel Hesby Palm.

Det skal halde fram å regne natt til fredag, men så skal det gje seg. Laurdag kan også bli god og varm, men det er venta regnbyer. Det er også stikkordet for resten av pinsehelga.

– Korleis ser junivêret ut vidare?

– Det er ingen stabile høgtrykk i sikte. Vi må berre smørje oss med tolmod, svarar meteorologen.

Artikkeltags