Kraftig vind, sludd, snø og tore. Slik blir fredagsvêret

MYKJE VÊR: – Vinden vil vere sterkast i ettermiddag og tidleg kveld. Då kan vinden kome opp i 27 til 35 m/s dei mest utsette plassane. I fjellet blir det endå verre, seier Fagerli.

MYKJE VÊR: – Vinden vil vere sterkast i ettermiddag og tidleg kveld. Då kan vinden kome opp i 27 til 35 m/s dei mest utsette plassane. I fjellet blir det endå verre, seier Fagerli. Foto:

– Ja, det blir mykje vêr!

DEL

Det seier Geir Ottar Fagerlid, vakthavande på Meteorologisk institutt.

Torsdag var heftig på vindfronten, men fredag ser ikkje noko betre ut. Meteorologane har sendt ut farevarsel om kraftige vindkast frå vest.

– Vinden vil vere sterkast i ettermiddag og tidleg kveld. Då kan vinden kome opp i 27 til 35 m/s dei mest utsette plassane. I fjellet blir det endå verre, seier Fagerli.

Ifølgje Yr.no vil vinden treffe hardast mellom klokka 14 og 17. Det er også venta mykje nedbør.

– Det er venta sludd, snø og hagl. Det er først og fremst i midtre og indre strok at nedbøren kjem som snø. Der kan det kome opp mot 15 cm i løpet av dagen. Over 1000 meter er det venta endå meir, seier Fagerlid.

I tillegg er det meldt tore. Temperaturane ligg per 10.45 på ca. 1 til 2 grader. I løpet av dagen vil dei krype under minus.

– Når roar det seg?

– Laurdag. Då snur vinden på nord og minkar. Vi kan få sprekk i skydekket og fleire stadar godt skivêr.

Men skilukka er kortvarig: Søndag er det venta 8 pluss og regn.

Per klokka 11.00 er ingen av fjellovergangane mellom aust og vest opne. Fleire ferje- og båtsamband er også innstilte grunna uvêr. På Strynefjellet vart to bussar tatt av vinden natt til fredag.

Artikkeltags