Kraftig vind på kysten – i Nordfjord bles det orkan

Meteorologane har sendt ut farevarsel.

DEL

– Det er mykje vind på kysten. Det startar med sterk kuling i sør og til lenger nord du kjem aukar vinden på. På Stad er det nesten orkan, fortel Tone Christin Taule.

Måløybrua er stengd grunna den sterke vinden. Der bles det i 07-tida 28 m/s. Båten frå Nordfjord til Bergen går heller ikkje innom Smørhamn grunna vêrforholda. Ferjesambandet mellom Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella går ikkje innom Losna eller Krakhella torsdag morgon.

– Utover dagen vil vinden auke i heile Sogn og Fjordane. Då vil vinden ligge mellom liten- og full storm, og ein vil få kraftige vindkast mellom 25- til 33 m/s innover land. Vi har sendt ut gult farevarsel for torsdag, seier Taule.

Frå i ettermiddag kjem det nedbør, og over 500 til 800 meter vil den kome som snø. I fjellet vil den sterke vinden og nedbøren gje snøfokk.

Snø i helga

Fredag held det dårlege vêret fram, men med litt mindre vind.

– Då vil det blåse mellom stiv og sterk kuling utsette plassar. I løpet av ettermiddagen kan det komme opp i liten storm. Det kjem nedbør, men snøgrensa kryp nedover. Den startar på 400 og 600 meter, men i løpet av dagen vil den trekke ned til 200 meter.

Laurdag blir det nokså kjølig med sludd- og snøbyer. Men utover søndagen aukar vinden igjen og gir mildare luft.

Skjer det noko på vegen som andre burde vite om? Bruk: tips@firda.no.

Artikkeltags