Klar for vår? Du må nok framleis vente litt

LET VENTE PÅ SEG: Våren let vente på seg.

LET VENTE PÅ SEG: Våren let vente på seg. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Vêr: Tysdag kveld kjem det snø. Onsdag blir det regn. Og slik held veka fram.

DEL

– Etter ei flott, men kald påske er det mange som er klare for vår. Kjem den no?

– Nei, ikkje denne veka i alle fall, svarar vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Geir Ottar Fagerlid.

Han legg til at det ser litt betre ut neste veke, i alle fall på dagtid.

Snø, regn og snø igjen

– Denne veka er veldig ustabil. I løpet av tysdag kveld og natt til onsdag kjem det inn snø. Onsdag går det over til regn, og torsdag blir det først sludd, og seinare snø igjen, seier Fagerlid.

I tillegg blir det meir vind enn vi har vore vane med siste tida.

– I dag er kuling i fjellet. Onsdag blir det sørleg stiv kuling i fjellet, og det blir liten kuling utsette stadar på kysten. Torsdag vil nok fleire merke vinden. Då blir det vind frå vest og nordvest, opp i sterk kuling på kysten, seier Fagerli.

Ustabil helg

Også til helga er det venta ein ustabil vêrtype.

– Det blir litt snø, litt regn og litt sludd. Og også litt sol. Temperaturane vil også variere litt, like over null, og litt under, seier Fagerlid.

Han seier at nedbørsintensiteten frå i kveld av og framover i helga vil variere, men at dei reknar med at det vil komme om lag 50 millimeter nedbør desse dagane.

Vår om dagen

– Neste veke, er det håp om vår då?

– Ja, litt. Det blir i alle fall litt meir vår. Dagtemperaturane kan bli opp mot ti-tolv grader, men det vil framleis bli kaldt om natta.

– Så det blir vår om dagen og vinter om natta?

– Ja, slik kan du godt seie det. Og det blir lite eller ingen nedbør så langt vi kan sjå på prognosane for neste veke, seier Fagerlid.

Artikkeltags