Full storm og 180 millimeter regn på 48 timar: – Det kan bli alvorleg

VÅTT: Det er meldt opp mot 180 millimeter regn laurdag og søndag.

VÅTT: Det er meldt opp mot 180 millimeter regn laurdag og søndag. Foto:

VÊR: Før du går og legg deg fredag kveld: ta inn bosspann og andre lause gjenstandar.

DEL

Det er rådet frå meteorolog Aslaug Skålevik Valved hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

For denne helga får vi skikkeleg vestlandsvêr og vel så det.

– Tre lågtrykk bestemmer vêret dei kommande dagane. Frå natt til laurdag og ut søndag er det venta mellom 150 og 180 millimeter nedbør, seier meteorologen.

Lågtrykk på rekke og rad

Det første lågtrykket er på veg innover mot Nord-Norge, men gir kraftig vind og regn på Vestlandet også. Når det har fare forbi kjem det to lågtrykk til på rappen.

– Det skal regne heile helga, men vi får to periodar med intens nedbør. Den første er natt til laurdag, medan den andre er frå søndag ettermiddag og ut dagen. Vi ventar at det vil kome mest i ytre og midtre del av fylket, seier Valved.

I desse intense periodane er det venta opp mot 50 millimeter regn på seks timar. Og som ikkje det var nok: det skal blåse full storm. Dette startar frå fredag kveld med liten storm og kraftige vindkast. Natt til laurdag skal det blåse full storm på kysten og i fjellet.

Fare for flaum

Vinden er venta å minke laurdag føremiddag, for så å auke på att utover ettermiddagen. Søndag blir litt rolegare. Då er det venta stiv kuling på kysten.

– Ta inn bosspann og andre lause gjenstandar du har ståande ute, oppmodar meteorologen.

– Når det gjeld temperaturane er dei venta å ligge rundt 18 grader. Dette gjer at nedbøren i fjellet også vil kome som regn, seier Valved.

NVE har gått ut med nest høgste flaumvarsel for Sogn og Fjordane. Det er også fare for jordskred.

– Folk vil merke vêret denne helga, og i verste fall kan det få alvorlege konsekvensar. Alle kan bidra med å fjerne lauv frå kumlok og takrenner slik at vatnet får fri ferdsel. Dei som veit at dei er særleg utsett for flaum må ta sine førehandsreglar og sikre på best mogleg vis. Unngå også å opphalde deg nær større vassdrag, seier Valved og legg til:

– Vi kryssar fingrane for at det går bra!

MYKJE VÊR: Full storm og 180 millimeter nedbør. Slik blir helgevêret.

MYKJE VÊR: Full storm og 180 millimeter nedbør. Slik blir helgevêret. Foto:

Artikkeltags