Først kjem det meir snø, så kjem regnet tilbake

VÊR: Etter fleire veker med kulde og snø blir det no mildvêr: – Det kan bli vanskelege køyreforhold, åtvarar meteorologen.

DEL

Måndag ettermiddag skal det snø over heile fylket.

– No bles det ein nordvestleg vind som skal minke utover dagen. Det skal snø over heile fylket, men nedbøren kan falle som sluddbyer på kysten, seier meteorolog Aslaug Skålevik Valved hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Tysdag blir det vêromslag. Meteorologisk institutt har sendt ut gult farenivå.

– Først på dagen vil det kome snø eller sludd. Det vil blåse sterk kuling og på Stad kan vinden kome opp i liten storm. Så skal temperaturen stige og nedbøren går over til regn. Denne overgangen kan gje vanskelege køyreforhold fordi regnet vil fryse på bakken, seier Valved.

Ho ber bilistar vere observante viss dei skal ut og køyre.

– Vi har difor sendt ut farevarsel. Det gjeld fram til onsdag morgon, fortel meteorologen.

Resten av veka skal det regne.

– Det blir mildare. Temperaturane kan kome opp i 10 grader på det varmaste. Det kjem ein del regn, men fredag kan vi få litt glimt av sol, seier Skålevik.

Artikkeltags