Ekstremvêret Elsa på veg – meteorologane sender ut raudt farevarsel

STOR FLOD: Bildet er frå Flokeneset i Askvoll søndag. Men dette er berre begynnelsen.

STOR FLOD: Bildet er frå Flokeneset i Askvoll søndag. Men dette er berre begynnelsen. Foto:

Det er venta ekstrem høg vasstand frå Agder til Kristiansund dei næraste dagane: – Rekordar vil bli slått sør for Stad.

DEL

Det seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Ekstremvêret, som har fått namnet Elsa, er venta innover store delar av kysten frå måndag ettermiddag til tysdag ettermiddag.

Men ein vil allereie no sjå at sjøen står mykje høgre enn vanleg.

100 cm over normalen

– Vi har vassmålarar i Måløy og Bergen, og ein ventar at vatnet vil stige 294 cm over normalen. Rekorden i Måløy er på 282 cm, men den vil truleg bli slått, seier Fagerlid.

– På kysten er bølgjene no på 3-4 meter, og det er med på å auke skadepotensialet, legg han til.

Meteorologen ber folk ta alle førehandsreglar for ting dei har liggande ved sjøen.

Årsaka til den høge vasstanden, er eit kraftig lågtrykk i Nord-Atlanteren som pressar mykje vatn inn i Nordsjøen og Norskehavet. Dette gir 80 til 100 centimeter høgare vasstand enn oppgjeve i tidevasstabellen, melder NRK.

Ferja mellom Askvoll og Værlandet innstiller avgang frå fastlandet klokka 22.05 og returen frå Værlandet klokka 23.05 grunna den høge vasstande, melde Fjord1 søndag.

Fleire fjellovergangar er også stengde.

– Ver forsiktig!

Det er ikkje berre på kysten ein vil merke den høge vasstanden. Fagerlid ber også folk inne i fjordane om å drive skadebegrensing.

Med ekstremvêret er det også venta kraftige regn- og haglbyer. Vinden som er i fjellet søndag, er venta å roe seg til kvelden, men frå måndag er det «på'an» igjen.

Hovudredningssentralen i Sør-Norge har følgjande oppmoding til folk:

– Sikre båtar og lause gjenstandar. Ver forsiktig langs sjøen!

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags