Gå til sidens hovedinnhold

Det tar ikkje slutt! Meteorologen: – Tørt og fint dei neste 10 dagane

Artikkelen er over 3 år gammel

VÊR: – Det er ingenting som tyder på at det blir ein dårleg sommar, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Mange går nok å kjenner på at «no må vi snart betale for solgildet i mai». Det er slett ikkje sikkert. Geir Ottar Fagerlid på Meteorologisk institutt seier at moroa ikkje er over enno.

– Det er venta tørt og fint vêr i tida framover, i alle fall dei neste ti dagane. Det kan kome nokre byer no og då, men då er det små mengder og veldig lokalt. Det kan vere tørt på eine sida av til dømes Førde og vått på andre. Det er snakk om nokre millimeter, seier han.

Treng ikkje bety dårleg sommar

Han fortel at dei ekstreme temperaturane vil gå litt ned. Men gradestokken kryp fint opp til 25 den kommande tida.

– Men universet fungerer vel slik at vi får det igjen?

– Det er aldri registrert at ein bra mai-månad gi ein dårleg sommar. I 1947 blei det ein lang og tørr sommar, og det har vore registrert at ein bra mai kan halde fram langt inn i sommaren.

Les også

Mai-vêret knuste varmerekord frå 1954

 

– Sjølv tenker eg vi får det igjen, men det ser ikkje ut som juni er månaden det skjer. Eller kanskje det kjem når fellesferien begynner, humrar meteorologen.

Om om ein fin mai-månad betyr dårleg sommar, meiner Fagerlid at det finst døme i begge retningar og minner om at det berre blir spekulasjon.

– Det er mange som melder vêret lang fram i tid, men ingen hadde sett føre seg denne mai-månaden. Det viser berre at langtidsvarsling er kjempevanskeleg.

Varm helg

På yr.no finn ein oppløftande lesing. Dei neste ti dagane er det venta null nedbør. Og temperaturane ligg på mellom 20 og 25 grader.

Til helga melder yr.no ein overskya laurdag føremiddag, men klar himmel på ettermiddag og kveld. Temperaturen kan nå ein topp på 29 grader laurdag ettermiddag, og held seg over 20-talet heile kvelden.

Så det er berre å kose seg, så lenge det varer.

Les meir om vêret:

Les også

Klar for eit bad? Vi har sjekka badetemperaturar: – Nett som i Syden!

Les også

Dette må du passe på når du malar i varmen

 

Kommentarer til denne saken