Det blir ei fin, men kald helg. Mykje kaldare enn normalt

FINT, MEN KALDT: Det blir ei fin helg i fylket. Arkivbilde

FINT, MEN KALDT: Det blir ei fin helg i fylket. Arkivbilde Foto:

Mykje sol, lite vind og kaldt. Det er den enkle beskrivelsen av vêret i heile fylket denne helga.

DEL

– Bortsett frå kulden blir dette ei veldig flott helg, seier vakthavande meteorolog Anne Solveig Andersen ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

– Ved Kråkenes fyr er det meldt liten kuling laurdag. Det er den sterkaste vinden denne helga, og vil nok ikkje merkast når ein kjem lenger inn i fjordane, seier Andersen.

Kaldare enn normalt

– Er det berre noko vi føler kvar haust, eller er det faktisk kaldare enn det brukar å vere så tidleg i november?

– Det er kaldare. Faktisk fleire grader kaldare enn normalen. Det var også kaldare enn normalt i oktober, seier Andersen.

Ho seier at det blir kaldt i heile fylket. Likevel kan ein godt oppleve at stadar som ikkje ligg så langt frå kvarandre geografisk kan ha veldig stor temperaturskilnad.

– Det kan vere rundt 0 heilt yttarst på kysten, men komme ned i minus ti og kaldare inne i fjordarmane, seier Andersen.

Ho seier det ikkje ser ut til å bli store endringar dei kommande dagane.

Kan komme litt snø over helga

– Langtidsvarselet ser også bra ut. Det kan komme noko nedbør over helga, måndag, tysdag og onsdag. Men eg ser at vinden framleis er frå aust og nordaust, noko som betyr svært lite nedbør, seier Andersen.

Det ser ut til at det vil skye til neste veke, og at temperaturane kjem til å stige litt.

– Er det slik at dei som har tenkt seg ut på tur må nytte denne helga godt?

– Bur ein på Vestlandet så er det alltid ein god regel å nyte dei godvêrsdagane som er. Vêret snur fort, seier Andersen.


Artikkeltags