Avlyste ferjeanløp og stengde bru grunna sterk vind

Vinden blir sterkare utover natta. Orkan i kasta. Meteorologisk institutt går ut med gult farevarsel.

DEL

– Det ser ut til å bli full storm ved Stadt og elles sterk kuling langs kysten, seier Espen Biseth Granan på meteorologisk institutt.

Det er mykje vind på kysten onsdag kveld, og den skal bli sterkare.

Stenger ferjestopp

På ettermiddagen meldte trafikksentralen Vest at ferja mellom Rysjedalsvika og Krakhella ikkje stoppa ikkje på Losna. Skipsføraren der, Terje Halnes, seier til Firda at det er valdsam vind.

– Det er begynt å bli ganske tvilsamt. Det er vel stiv kuling no, tenker eg. Det er retninga på vinden som avgjer at vi stenger Losna, seier han.

I 17-tida blei det meldt at Måløybrua (rv. 15) og Rugsundsbrua (Fv. 616) i Bremanger blei stengt pga. høge vindkast. Sju minutt seinare opna Måløybrua. Klokka 19.45 meldte Vegtrafikksentralen at Rugsundsbrua opna igjen.

På yr.no no er det meldt vindkast på 30-35 m/s frå sørvest torsdag føremiddag, fleire stader i fylket. Vindkast over 32,7 m/s blir rekna som orkan.

På bølgevarsel.no er det meldt bølger på opp til 13,7 meter utanfor Bulandet torsdag.

Blir verst i morgon

Meteorolog Biseth Granan seier vinden kjem til å auke over natta.

– Vinden kan også gå litt inn i landet. Det er antyda kraftige vindkast lokale stader, og vi har gått ut med gult farevarsel for Sogn og Fjordane. Det gjeld frå natta av til ca. midt på dagen i morgon, som er då det blir verst, seier han.

Første del av torsdagen kan det bli snø i høgda, morlegheiter for torden i tillegg til kraftig vind. Utover torsdagskvelden kjem vinden til å minke på kysten, og på fredag blir det endå rolegare og færre byer, ifølge meteorologen.

Artikkeltags