Meteorologen: – No er det om å gjere å nyte dei neste tre dagane

NYT DAGANE: Haustferien startar fredag med fint vêr. Måndag kveld skyar det til.

NYT DAGANE: Haustferien startar fredag med fint vêr. Måndag kveld skyar det til. Foto:

Haustferien begynner bra, men endar ikkje like flott.

DEL

Nyt helga og måndagen, oppmodar meteorolog i Storm Geo, Lillian Bergheim.

Haustferien startar fredag, og den startar fint:

– Fredag, laurdag, søndag og måndag blir det sol frå stort sett skyfri himmel, seier meteorologen fredag morgon.

Temperaturane vil ligge kring ti grader på dagtid, medan det blir litt kjøligare på nattetid.

I løpet av måndag vil det skye litt til og vinden aukar på. Det vil kome eit lågtrykk frå vest som pressar på. Måndag kveld eller natt til tysdag kjem det nedbør, og ifølge meteorologen kjem det også ein god skvett når først himmelen opnar seg.

Frå og med tysdag og resten av veka må vi belage oss på eit lågtrykk som gir oss litt variabelt vêr. Temperaturane vil ligge kring ti grader også i neste veke.

– Vi vil få regn i periodar, men det er vanskeleg å gi fleire detaljar. No er det om å gjere å nyte dei neste dagane, for vi veit at neste veke og neste helg ikkje blir så bra som helga som vi har i møte., seier Bergeheim.


Artikkeltags