Uvêret hindrar ekspressbåten: – Det er for høge bølgjer!

Ekspressbåten frå Bergen til Selje måtte legge til kai i Askvoll. Kapteinen tok ingen sjansar.

DEL

Torsdag morgon melde Norled at ekspressbåten frå Bergen til Selje hadde lagt til kai i Askvoll grunna uvêr. Også båten som gjekk sørover fekk kjenne på naturkreftene, og var inntil ein halvtime forseinka.

Vanleg ankomst på Strandkaiterminalen skal vere 11.50.

– Eg har snakka med kapteinen som seier at dei ikkje kunne gå lengre pga. for høge bølgjer. Derfor ligg båten i Askvoll. Det er usikkert kva som skjer i kveld - ifølgje vêrmeldingane skal ikkje vinden løye før seint i ettermiddag, fortel Janet Steine i Norled.

Om du ikkje har fått reise dit du skal, ber Norled at ein tek kontakt med Strandkaiterminalen i Bergen slik at ein kan få refundert billetten.

Skjer det noko i trafikken vi burde vite om i dag? Tips oss!

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags