Det fine haustvêret held fram, men pass på glatte vegar

– Det er fort å lure seg litt på denne tida av året. Det kan vere tørre vegar, men så kjem det nokre parti der det er veldig glatt, seier Jan Erikstad, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen Vest.

DEL

Magni Svanevik ved Meteorologisk institutt seier at det tørre og kalde vêret vil halde fram den neste veka.

– Vêret vil halde seg kaldt og fint framover. Det vil halde fram med minusgrader på nettene dei fleste stadar i fylket, seier Svanevik.

Lågtrykk onsdag

På onsdag er det meldt eit lite lågtrykk.

– Det vil komme eit lite lågtrykk på onsdag, men det ser ut som at nedbøren vil halde seg sør for Sogn og Fjordane. Det kan bli litt meir skyer på onsdag og uttrykk for regn, seier Svanevik.

Svanevik melder vidare at temperaturen så vidt vil kome over null på dagtid dei neste dagane.

Meldingar om glatte vegar

På vegtrafikksentralen Vest har dei fått fleire meldingar om glatte vegar i helga.

– På laurdagskvelden fekk vi fleire meldingar om glatte vegar i Førde-området. På søndag har vi så langt berre fått ei melding frå Naustdal, seier Erikstad.

Erikstad påpeikar at ein vil kunne merke godt at det er glatt, sjølv med gode dekk.


Artikkeltags