Gå til sidens hovedinnhold

Ventar 100 mm regn på 24 timar

Artikkelen er over 2 år gammel

VÊRET: – Dette blir kraftige saker! seier vakthavande meteorolog Unni Nilsen ved Vêrvarslinga på Vestlandet laurdag ettermiddag.

Det er nemleg skissert at det skal komme så mykje som 100 millimeter nedbør på 24 timar – frå laurdag kveld.

– Det er venta mykje nedbør framover, og hovudtyngda kjem i natt og gjennom heile søndagen, fortel meteorolog Nilsen laurdag.

Det er ikkje sendt ut ekstremvarsel på grunn av regnet, men Meteorologisk institutt har sendt ut eit farevarsel på gult nivå for ytre strøk mellom Bergen og Måløy i seks timar frå søndag morgon. Lokalt kan det då komme 40–50 millimeter på seks timar.

NVE sende fredag ut gult jord- og flamskredvarsel for delar av Hordaland og Sogn og Fjordane.

– No har vel dei fleste opplevd fleire rundar med mykje nedbør på kort tid, og sett at det då kan bli problem. Men folk må som vanleg sjekke avløp og slikt. Elles er det heller ikkje utenkeleg at det vil gå nokre ras når nedbøren sett inn for fullt.

Les også

Andre storflaum på fire år: Ordførar: – Ingen har eit soleklart ansvar


Lite lyspunkt i vente

Sjølv om nedbøren er venta å minke frå måndag, har vi ein lang, våt periode framfor oss.

– Eg ser faktisk ingen dagar med skikkeleg opplett så langt varselet viser, altså heilt fram til måndag 29. oktober.

Snø

Nilsen strekar under at varselet er usikkert når ein kjem så langt fram i tid, men at det blir ei våt veke i heile Sogn og Fjordane og på Vestlandet elles.

Frå tysdag er temperaturane venta å bli lågare.

– Då kan det komme sludd-byer i låglandet og snø i høgda.

Les også

Laurdag forsvann naboen sin veg – søndag var også vegen til Jo Eirik vekk

Kommentarer til denne saken