Søkkvåt helg i vente på Vestlandet

Av
DEL

Det er venta frå 60 til 100 millimeter regn på eitt døgn på Vestlandet i helga. Resten av landet slepp unna det første ordentlege haustlågtrykket.

I samband med den kraftige nedbøren som er venta, har Meteorologisk institutt sett gult farenivå i dei to vestlandsfylka Hordaland og Sogn og Fjordane. Frå laurdag kveld klokka 18 kan det komme opptil 100 millimeter regn på 24 timar.

– Det er fare for stengde vegar og overvatn ved bekke- og elveløp, og dessutan lokalt vanskelege køyreforhold grunna overvatn, heiter det i farevarselet.

NVE har òg utskrive gult farevarsel om jord- og flaumskredfare frå Rogaland til Sunnmøre som følgje av regnet. Dei ber folk om å halde seg unna bratte skråningar, bekkar og elveløp laurdag og søndag.

Regn og vind i vente

Vakthavande meteorolog Pernille Borander ved Meteorologisk institutt forklarer at det er eit nytt og litt kraftigare lågtrykk som kjem inn frå vest seint laurdag.

– Det både ein del nedbør og ein del vind i samband med lågtrykket, som kanskje er det første ordentlege lågtrykket i haust, seier ho til NTB.

Det er venta vindkast på 25 til 30 meter per sekund sør for Stad frå klokka 2 natt til søndag.

Meteorologane har òg sendt ut gult farevarsel for snø i fjellet i Sør-Noreg, Trøndelag, Nordland og Troms. Varselet gjeld frå torsdag ettermiddag til laurdag, og ifølgje meteorologen vil snøgrensa søkke i helga.

Kjøligare til veka

Det ser ut til at Austlandet får det finaste vêret i helga, medan det truleg blir litt vind i Trøndelag og Nordland.

– Austafjells slepp nok unna med litt spreidd regn søndag, men elles vil det vere opphaldsvêr, seier Borander.

Ifølgje meteorologen ser det ut til å bli eit lite blaff av litt mildare vêr frå søndag, men frå neste veke vil temperaturane søkke over heile landet. I dei nordlege fylka kan det bli minusgrader i indre strøk.

– Frå neste veke blir det kjøligare over heile landet enn det som kan vere normalt for årstida. Det kan bli behagelege temperaturar på dagen, men det blir våtare og kjøligare.

(©NPK)

Artikkeltags