Det blir mykje vêr nyttårsaftan – og dagane etter

NYTTÅRSVÊRET: Det blir vind, regnbyger og mildt på nyttårskvelden.

NYTTÅRSVÊRET: Det blir vind, regnbyger og mildt på nyttårskvelden. Foto:

– Det er ofte ein periode med uroleg vêr rundt nyttår. Slik blir det i år også, seier meteorolog Marianne Skolem Andersen ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

DEL

Mildt, vind og regn. Det er stikkorda.

– Det blir ein del vind natt til nyttårsaftan. Nordvestleg opp i stiv kuling, seier Skolem Andersen.

Ho seier at vinden kjem til å avata utover dagen nyttårsaftan.

– Men, det tek seg opp igjen. Vinden dreiar mot søraust, men vil komme opp i kuling på kysten tysdag kveld. I tillegg vil det komme regn. Det kjem som byer, og det er derfor vanskeleg å seie noko om akkurat når regnet kjem, seier Skolem Andersen.

– Så kort sagt er vêret for nyttårsaftan vind, regn og milde temperaturar?

– Ja, det er rett, seier meteorologen.

Skikkeleg vestlandsvinter

– Korleis blir vêret inn i det nye året då?

– Det blir berre verre dei første dagane i alle fall. Første nyttårsdag aukar vinden på. Torsdag og fredag blir det også mykje vind. Vi er rett og slett inne i ein periode med mykje vêr, seier Skolem Andersen.

– Kva med temperaturane og nedbøren?

– Det ser ut til å halde seg relativt mildt. Kommande natt vil temperaturane falle litt, og vi kan frå snø ned mot 300 – 400 meter. Men så snur det igjen når vinden dreiar mot sørvest i morgon. Då vil temperaturane stige igjen. Det blir nok mildt den kommande veka. Og ein del regn. Ikkje slike mengder som vi hadde frå søndag til måndag, men jamt med byer, seier Skolem Andersn og legg til:

– Det vêret vi har no, og får i ein periode framover er vel definisjonen av ein vestlandsvinter.


Artikkeltags