Dette trur meteorologen er årsaka til bevegelsane i sjøen

Folk i Førde, Flokenes og Bygstad har tipsa Firda om det underlege naturfenomnet.

DEL

Bølgjer på nesten to meter slo inn mot land inst i Sognefjorden i 2011 etter jordskjelv i Japan.

Meteorolog Frode Hassel hos Vêrvarslinga på Vestlandet dreg parallellar til dette når han får høyre om bevegelsane i sjøen fleire stadar i Sunnfjord laurdag kveld og natt til søndag.

– Men eg har ikkje fått informasjon om at det skulle vere noko som skulle gitt slik bevegelse i sjøen no, seier han til Firda.

Han synest likevel at observasjonane er interessante.

– Fenomenet i Sogn for åtte år sidan kallar ein for seicher, men om det er dette som har skjedd no er rein spekulasjon, legg han til.

Ifølgje Wikipedia er ein seiche ei ståande bølgje i eit lukka eller delvis lukka væskeresorvar. Slike fenomen er observert i innsjøar, reguleringsmagasin, fjordar og havområde.

Fenomenet er ofte usynleg sett frå overflata. Bølgja blir sett opp som resonans i vassmassene etter ei forstyrring frå ein eller fleire ytre årsaker, som oftast vind eller lufttrykkvariasjonar, seismisk aktivitet eller ved tsunami.

Såg du dette og har film eller bilde? Ta kontakt!

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags