Kan det verkeleg stemme? Ja, seier meteorologen. No blir det kanonvêr i over ei veke

SOMMARVEKE: No får vi ei veke med skikkeleg sommar. Strålande sol og ingen fare for regn før torsdag om over ei veke! Her frå Hatelesetnipa i pinsen.

SOMMARVEKE: No får vi ei veke med skikkeleg sommar. Strålande sol og ingen fare for regn før torsdag om over ei veke! Her frå Hatelesetnipa i pinsen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Null regn i sikte: Sol og over 20 grader i over ei veke. Og meteorologen lovar at varselet er veldig sikkert.

DEL

– 50 ulike prognosar er nesten heilt like. Så dette varselet er veldig sikkert, seier meteorolog Gunnar Livik ver Vêrvarslinga på Vestlandet tysdag morgon.

Ein rask sjekk innom Yr for vêret i fylket framover er så fantastisk at ein nesten skulle tru det var feil. Men det er det altså ikkje.

– Fram til neste onsdag eller torsdag vil det halde seg tørt. Allereie frå onsdag vil det bli over 20 varmegrader i Førde, og andre plassar, der sola tar bra, kan det fort bli endå varmare.

Over 25 grader

Og til helga blir det endå varmare, fortel meteorologen. Laurdag byrjar temperaturane å stige. Søndag er det meldt over 25 grader.

– Allereie laurdag skal ein ikkje sjå vekk frå at det vil bli over 25 grader enkelte stader. Søndag, måndag og tysdag blir dei aller varmaste dagane, seier Livik.

Ikkje før natt til torsdag er det fare for nedbør. Det er heller ikkje meldt om noko særleg vind.

SOMMAR! Slik ser varselet for Førde ut den kommande veka, og ifølge meteorologen er det liten tvil om at vêret faktisk blir så bra.

SOMMAR! Slik ser varselet for Førde ut den kommande veka, og ifølge meteorologen er det liten tvil om at vêret faktisk blir så bra. Foto:

– Er dette den sommaren vi får i år?

– Det kan eg ikkje svare på. Men det er i alle fall ikkje kvart år vi får så lange så fine periodar. Statistisk sett er slutten av mai og byrjinga av juni blant dei betre tidene på året. At vi får så lange slike periodar skjer ikkje så ofte, seier Livik.

– Vi har veldig mykje bra vêr i vente, slår han fast.

Stor skogbrannfare

Etter ein tørr periode bak oss, og over ein veke framfor oss utan ein regndrope, er det seint ut obs-varsel for skogbrannfare for heile Vestlandet sør for Stadt.

– Det må folk vere obs på, seier meteorolog Gunnar Livik ved vêrvarslinga på Vestlandet tysdag morgon.

Bruk sunn fornuft, er rådet han kjem med.

– Hugs bålforbodet. Og pass på grillar, sigarettar og alle andre tennkjelder. Det blir berre tørrare framover, slår han fast.


Artikkeltags