Mai månad i år har vore den fjerde våtaste på over hundre år

KALDT: Mai var relativt kaldast på Vestlandet, og temperaturane har lagt frå 1 til 2 grader under normalen.

KALDT: Mai var relativt kaldast på Vestlandet, og temperaturane har lagt frå 1 til 2 grader under normalen. Foto:

Av

Mai vart kjøligare enn april fleire stader i landet. Og månaden vart den fjerde våtaste mai-en sidan 1900, ifølge meteorologane.

DEL

Månadstemperaturen for heile landet låg 0,3 grader under normalen. På ei rekke vêrstasjonar, særleg på Vestlandet, vart mai kjøligare enn april, ifølge meteorologane.

I Bergen og på Ona i Møre og Romsdal skjedde dette sist i 1894. I Ålesund skjedde det sist i 1926.

Fleire målestasjonar på Austlandet fekk i mai 300–400 prosent over det som er normalt for mai månad.

Våtast var det i Innerdalen i Sunndal i Møre og Romsdal, der det vart målt 211,8 millimeter nedbør. Det var tørrast i Lom i Skjåk i Oppland. Her vart det målt 11,4 millimeter nedbør i mai.

Relativt kaldast var det på Vestlandet, i Trøndelag, nordlege område austafjells og i fjellet i Sør-Noreg. Her var det frå 1 til nærare 2 grader under normalen.

Relativt varmast var det i Finnmark og på kysten av Sørlandet, med 0,5 til drygt 1 grad over normalen.

Den høgaste maksimumstemperaturen som vart målt i mai, var 26,4 grader. Denne vart registrert 21. mai på Kongsvinger i Hedmark, medan den lågaste minimumstemperaturen var -13,3 grader. Det vart målt 3. mai på Juvvasshøe, 1.894 meter over havet i Lom i Oppland.

Artikkeltags