Ingen nedbørsrekord i år – meteorologane forstår ingenting

IKKJE REKORD: Brekke og Takle er av dei våtaste plassane i landet, men 2017 er eit nedbørsår under normalen. Bildet er tatt frå Ortneset utover Sognefjorden.

IKKJE REKORD: Brekke og Takle er av dei våtaste plassane i landet, men 2017 er eit nedbørsår under normalen. Bildet er tatt frå Ortneset utover Sognefjorden. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Ytresogningane er vande med regn, og spesielt på Takle og i Brekke har dei år etter år tatt kjedelege nedbørsrekordar. Men ikkje i år.

DEL

– Det ligg an til å bli nedbør under normalen på Takle i år. Vi forstår ingenting. Vi byrjar å lure på om dei har registrert alt, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid hos Vervarslinga på Vestlandet spøkefullt.

Årsnormalen for bygda på sørsida av Sognefjorden er 3179 mm. Så langt i år har det «berre» komme 3084 millimeter.

Nedbørsrekorden på Takle er frå 1990. Då kom det 4747,5 millimeter der og 5596 millimeter i nabobygda Brekke.

Ekstremvêr har skulda

– I år vil Takle ligge under normalen, medan det i Bergen har regna ein meter over normalen. Det skil berre 17 millimeter mellom desse plassane, og det er ikkje vanleg, seier Fagerlid.

Byen mellom dei sju fjell manglar berre 30 millimeter for å ta ny nedbørsrekord, skriv NRK Hordaland. Også fleire stadar i Hordaland og Rogaland ligg an til nedbørsrekord i år. Det er mykje takka vere ekstremvêra «Birk» og «Aina».

– Dei trefte desse fylka hardast. Sommaren var også svært våt. Eg såg nettopp at Hundseid i Rogaland så langt i år har fått 4207 millimeter. Så for å bli den våtaste plassen i landet i år må ein opp i fire til fem meter nedbør, seier Fagerlid.

Lavik fekk mest

Det har komme jamt og trutt med nedbør i heile år på Vestlandet, men hausten og fram til januar dreg som oftast opp snittet, opplyser meteorologen.

Den siste tida er det spesielt dei siste to dagane før jul som utmerka seg. Lavik stakk av med nedbørsrekorden i Sogn og Fjordane med 155 mm på to døgn. Takle fekk 120,8 millimeter.

Likevel blir det ikkje nedbørsrekord i år.

– No går vi inn i ein kaldare periode. Det vil komme nedbør, men ikkje nok til at Takle vil ta rekord, seier Fagerlid.

Artikkeltags