Denne helga treng du paraply eller regntette klede

REGFULLT: Helga blir våt, seier meteorologen.

REGFULLT: Helga blir våt, seier meteorologen. Foto:

VÊR: – Det skal regne godt. Lokalt vil det kome opp mot 30 millimeter laurdag, seier meteorologen.

DEL

Onsdag regna det godt fleire stadar i Sogn og Fjordane. Frå klokka 20.00 onsdag til klokka 08.00 torsdag kom det 45,4 millimeter nedbør på Takle. Det var tredje mest i heile landet.

Skal du til dømes på NM i friidrett eller Eikefjord-dagane i helga, er truleg regnkle å føretrekke viss du vil halde deg tørr.

Det blir 15 grader og regn kort oppsummert.

– Det vil blåse sørvest liten kuling på kysten og i fjellet. Til kvelden skal det auke til stiv kuling enkelte plassar og vindretninga vil snu til sørleg retning, seier vakthavande meteorolog. Det blir regnbyer.

Det seier Lars Andreas Selberg hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Laurdag blir den våtaste dagen. Då kjem det eit nytt lågtrykk innover land.

– Det skal regne godt. Lokalt kan det kome opp mot 30 millimeter, men vi har vurdert det til at det ikkje er naudsynt å sende ut obs-varsel. Vestlandet toler mykje nedbør, seier Seberg.

Ei skya og regnfull helg, altså. Temperaturen vil vere maks 15 grader.

Men på måndag kjem det eit solglimt, bokstavleg tala.

– Då kjem det ein forbigåande svak høgtrykksrygg som vil gje sol. Måndag har potensial til å bli ein grei dag - i alle fall i indre strok, seier meteorologen.

Artikkeltags