Nyt sola no! Snart kjem haustvêret

SOMMARLEG: Slik såg det ut i Ervika søndag. I følge meteorologen har vi fleire slike fine dagar i vente denne veka.

SOMMARLEG: Slik såg det ut i Ervika søndag. I følge meteorologen har vi fleire slike fine dagar i vente denne veka. Foto:

Finvêret skal vare fram til torsdag eller fredag, så kjem skyer og kaldare vêr.

DEL

– Det er venta bra vêr over heile Vestlandet fram til torsdag eller fredag, men då er moroa over, seier Kristin Seter ved Vêrvarsling på Vestlandet.

I helga var tempraturen opp i 19 grader nokre stadar i Sunnfjord. Og Vêrvarsling på Vestlandet melder om at tempraturen skal halde fram på same nivå fram til torsdag eller fredag.

Tysdag kjem det nokre skyer over Sunnfjord, men det er ikkje meldt at det skal bli kaldare.

Hausten kjem neste veke

Men neste veke er sommar-tendensane over: Då kjem det ein front med skyer og kulde.

– Det har vore ganske varmt for å vere september den siste tida, men neste veke søkk temperaturen og det kan bli snø i fjellet. Då går vi tilbake til det vanlege haustvêret, seier ho.

Artikkeltags