Meteorologen: – Det blir perfekt springevêr

START: Her frå Helse Førde Stafetten 2018.

START: Her frå Helse Førde Stafetten 2018. Foto:

På onsdag vert Helse Førde-stafetten arrangert i Førde, og meteorologen har gode nyheiter til deltakarar og publikum.

DEL

– I morgon blir det stort sett godt vêr. Det kan kome litt regn lenger inn landet, men det blir ikkje noko særleg med regn i Førde, heller litt skya, seier Magni Svanevik om onsdagen.

Ho er meteorolog hos Vêrvarslinga på Vestlandet. Då journalisten forklarte at Helse Førde-stafetten skal vere same dag, har Svanevik nokre gode prognosar å kome med.

– Det blir perfekt springevêr, utan steikande sol. Lite vind blir det også, så det skal nok bli bra, seier meteorologen.

Makstemperaturen vil kome litt utpå kvelden, med opptil 17–18 grader.

Nedbør i vente

Men på torsdag kjem det byevêr.

– På torsdag blir det litt regn. Det byrjar nok om morgonen, men det vil gå relativt fort forbi. Det kan bli byevêr utover dagen.

Fredagen kjem heller ikkje til å vere heilt tørr.

– Det er ikkje store mengder nedbør, men meir byevêr. Det kan sjå ut som det blir verre inn mot helga, med meir nedbør, særleg på laurdag. Slik prognosane ser ut no, vil det kome mest nedbør om natta, seier Svanevik og legg til:

– Vi kan håpe på at det blir betre enn slik som det ser ut no. Det er eit lite lågtrykk som kjem oppover frå sør og dei er litt ubereknelege. Det kan gå sør for oss og då blir det ikkje så ille, forklarar ho.

Gode temperaturar framover

Trass i at det vert nokre nedbørsdagar framover, vil temperaturane stige i tida framover.

– Det ser ut som vi neste veke kjem til å få gode temperaturar over normalen for juni månad, så det blir litt regn, men godt og varmt, seier Svanevik.

Artikkeltags