Fjord1 stoppar all trafikk i Florabassenget

Fjord1 har innstilt fleire avgangar Florø tidlegare i dag. Klokka halv sju vart alle avgangar i Florabassenget innstilt.

DEL

Fjord1 si rute 1180 går mellom Florø, Veiesund, Askrova – Stavang og Svanøy. Frå klokka halv sju torsdag kveld er alle avgangar innstilte.

Frå før har Fjord1 innstilt avgangane med rute 1181 frå Smørhamn klokka 1120 i dag, samt den nordgåande Kystvegekspressen frå Florø klokka 1605.

Denne ruta er også innstilt i sørgåande retning frå Måløy fredag morgon, men er førebels sett opp for å gå som normalt frå Smørhamn.

I kveld melder Norled at nordgåande hurtigbåt kansellerer anløpet i Smårhamn grunna vêrtilhøve.

Artikkeltags