Gå til sidens hovedinnhold

Hurtigbåt- og ferjestrekningar innstilte på grunn av vêret

Artikkelen er over 4 år gammel

Ferjestrekningen Oldeide - Måløy på fylkesveg 616 er innstilt på grunn av dårleg vêr. Det gjeld også fv. 614 Isane – Stårheim. Det melder Vegtrafikksentralen Vest.

På E39 Lavik – Oppedal er også rute B innstilt inntil vidare, melder Norled.

Norled har vidare kansellert ruta frå Bergen til Sogn som går 2. juledag klokka 16.30. Returen frå Sogn til Bergen 3. juledag klokka 07.05 er også kansellert grunna vêret.

Norled skriv på nettsida si at det vil bli tatt ny vurdering rundt desse to rutene på føremiddagen 2. juledag.

Kommentarer til denne saken