Skader for 40-50 mill. etter ekstremvêret. Dei som sikra båten skikkeleg, får mest i erstatning

KOMMUNIKASJONSSJEF: Arne Voll i Gjensidige trur forsikringssummane berre vil stige framover, ettersom fleire melder inn båt- og bygningsskader etter uvêret.

KOMMUNIKASJONSSJEF: Arne Voll i Gjensidige trur forsikringssummane berre vil stige framover, ettersom fleire melder inn båt- og bygningsskader etter uvêret. Foto:

VÊR: Forsikringsselskapa må punge ut 40-50 millionar i erstatning etter «Helene» og «Knud».

DEL

Det skriv BT.

– Desse stormane har nok komme litt brått på folk, seier Gjensidige-kommunikasjonssjef Arne Voll til BT.

Berre Gjensidige har registrert rundt 150 båtskader til 15 millionar kroner etter dei to stormane. Båtar har anten søkke ved kai eller blitt slått i stykker av bølger og vind.

Forsikringsselsakpet har også registrert 290 bygningsskader etter uvêret, skriv BT.

Ettersom Gjensidige har ein marknadsandel på 25 prosent, vil truleg totalkostnadane etter uvêret vere på 40-50 millionar kroner.

– Eg er redd for at beløpet kan bli høgare, seier Arne Voll til BT.

Dei som sikra båten dårleg, kan vente seg ei redusert erstatning.

– Viss det viser seg at båten har vore frykteleg dårleg sikra, og at den ikkje har hatt tilsyn over lang tid, kan ein risikere ei avkorting på 20-30 prosent, seier Voll til avisa.

Les meir om uvêret:

Artikkeltags