500 søkte på 100 nye vegjobbar

500 SØKARAR: Nye Vestland fylkeskommune lyste nyleg ut 100 nye stillingar knytt til veg og infrastruktur. Dina Lefdal er no i gang med prosessen med å finne dei rette. Her frå Førdepakken-start på Bergum i Førde med Olve Grotle (t.v.), Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen og Oddvar Flæte, styreleiar i Førdepakken i 2017.

500 SØKARAR: Nye Vestland fylkeskommune lyste nyleg ut 100 nye stillingar knytt til veg og infrastruktur. Dina Lefdal er no i gang med prosessen med å finne dei rette. Her frå Førdepakken-start på Bergum i Førde med Olve Grotle (t.v.), Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen og Oddvar Flæte, styreleiar i Førdepakken i 2017. Foto:

Rundt 500 søkarar ville ha dei 100 nye stillingane i nye Vestland fylkeskommune.

DEL

Dei nye jobbane er innan infrastruktur og veg.

– Det er kjekt at så mange har vist interesse for og søkt på stillingane. Det viser at Vestland fylkeskommune er ein attraktiv arbeidsgjevar som rekrutterer godt til ei heilt ny avdeling. Vi skal byggje opp ein solid og kompetent vegadministrasjon, seier påtroppande fylkesdirektør for infrastruktur og veg i nye Vestland, Dina Lefdal, i ei pressemelding.

Fylkeskommunane får nye oppgåver på vegsida frå 1. januar 2020. Det er knytt til planlegging, utbygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegnettet som blir overført frå Statens vegvesen.

Den nye avdelinga skal ha rundt 300 årsverk. I overkant av 200 frå vegvesenet og dagens fylkeskommunar er komne på plass. Dei tilsette i avdelinga skal ha arbeidsstad forskjellige stadar i det nye fylket.

Dei resterande 100 stillingane vart lyste ut tidlegare i oktober, med søknadsfrist 23. oktober.

No går Lefdal i gang med prosessen for å finne rett person til rett stilling. Også desse stillingane er lyste ut med fleire arbeidsstadar i det nye fylket.

– Vi går gjennom søknadsbunken no, og så går vi i gang med tilsetjingsprosessane. Det er eit spennande og krevjande arbeid å byggje opp ei slik avdeling – også for dei som blir tilsette no. Dei får vere med å setje sitt preg på og utvikle avdelinga, seier Lefdal i pressemeldinga.

Artikkeltags